Sjå, eg kjem snart!

fra kr 499,00

Signert bok

Inkluderer 1 stk 16x20 cm print

(Only shipping in Norway)

Frakt:
Antall:
Kjøp

Sjå, eg kjem snart! Bilete frå bedehusland

Bedehusa har alt ein fotograf kan drøyma om. Strietapet og røyrstolar, falma jesusbilete og norskproduserte industrilamper, hekla dukar og bulka kaffikjelar, døden på Golgata og vona om evig liv. Ingen andre gudshus i verda ser ut som norske bedehus.

Fotograf Erlend Berge har vitja alle landets fylker og dokumentert ein kulturskatt som er i ferd med å bli borte. Boka inneheld portrett av 114 bedehus. Ikkje eit menneske er med, fotografen vil at den som ser skal tre inn i eit rom og åpne opp for kjenslene og tolkningane som bilda skapar.

«Nostalgisk preg, vakker fargepalett, gjennomført og stilsikker. Fotografen skildrer en tid som snart er forbi og glemt. Historien fortelles gjennom rom og ikke gjennom mennesker. Samtidig er det spor etter menneskers liv, sporene på veien, maten til noen som nettopp har vært der, eller snart skal komme.»