omslag_web.jpg
Bedehusa har alt ein fotograf kan drøyma om. Strietapet og røyrstolar, falma jesusbilete og norskproduserte industrilamper, hekla dukar og bulka kaffikjelar, døden på Golgata og vona om evig liv. Ingen gudshus i verda ser ut som norske bedehus. 
— Fotograf Erlend Berge
innmat_bedehus.jpg
Ein innramma blond Jesus heng under bibelsitatet frå Johannes’ openberring: «Sjå, eg kjem snart!» Søreide bedehus er selt, og det er ei veke til Den russisk ortodokse kyrkja i Bergen overtek huset.
innmat_bedehus11.jpg
Turen til Søreide bedehus blei starten på mi reise gjennom Bedehusland. Eg såg at salet av bygget i Bergen var eit kapittel i ei større forteljing: ei levande kulturhistorie var i ferd med å døy ut.
innmat_bedehus3.jpg
innmat_bedehus4.jpg
Eg måtte komme meg på vegen for å fotografere det vi er i ferd med å miste.
innmat_bedehus9.jpg
innmat_bedehus5.jpg
innmat_bedehus14.jpg
Sjå, eg kjem snart er ei historie om fråflytting, og om å kasta vrak på det som var. Med bileta ynskjer eg å invitera inn til basar og juletrefest før pastellfargane er overrulla av kjølig kvitt og flanelljesusen dett ned for siste gong.
innmat_bedehus38.jpg
innmat_bedehus35.jpg
innmat_bedehus26.jpg
Det første bedehuset vart bygd på Hjelmeland i Ryfylke i 1840. Den gongen var det truleg få som såg for seg at det mot slutten av det neste hundreåret skulle finnast over 3000 liknande hus i landet vårt. Talet er svimlande. På litt over hundre år blei det bygd like mange bedehus i Noreg som det er blitt bygd kyrkjer i Noreg gjennom tidene. Kva var det som trefte oss?
— Kulturhistorie med falda hender av Alf Kjetil Walgermo
innmat_bedehus37.jpg
innmat_bedehus34.jpg
innmat_bedehus96.jpg
Nostalgisk preg, vakker fargepalett, gjennomført og stilsikker. Fotografen skildrer en tid som snart er forbi og glemt. Historien fortelles gjennom rom og ikke gjennom mennesker. Samtidig er det spor etter menneskers liv, sporene på veien, maten til noen som nettopp har vært der, eller snart skal komme.
— Vinnar av «Åpen klasse» i Årets bilde. Juryens grunngjeving
hefte_3D_omslag kopi.jpg
Det lignet ikke faren min å komme for seint. Han var nok på vei, snart ville han komme, snart ville jeg møte ham langs veien. Han måtte ha sovnet på sofaen, eller motoren ville ikke starte i kulda, eller bilen var sklidd av veien, den lå med fronten i det iskalde vannet i åna. Jeg gikk raskere. Det lå noen spredte hus langs veien. Det lyste fra vinduene.
— Novelle av Gaute Heivoll
hefte_3D_innside.jpg

Med tekstar av Gaute Heivoll og Alf Kjetil Walgermo. "Sjå, eg kjem snart!" lanseres på Vårt Land forlag 20. august. Boka kan forhåndsbestilles på vlforlag.no.